26 Jul 2004 14:50
Re: Re: Stave og gramatikk -kontroll på samisk.
Trond Trosterud <trond.trosterud <at> hum.uit.no>
2004-07-26 12:50:56 GMT
2004-07-26 12:50:56 GMT
26. jul. 2004 kello 13.03, Petter Reinholdtsen kirjoitti: > Jeg håper en velger en lisens som følger The Debian Free Software > Guidelines, <URL:http://www.debian.org/social_contract#guidelines>. > Hvis ikke blir det vanskelig for Skolelinux å ta det i bruk. Slike detaljar kjenner eg ikkje til, men det er eit eksplisitt mål for retteprogramprosjektet at dei resulterande programma skal bli tatt i bruk av så mange som mogleg. Eg skriv meg med andre ord denne referansen bak øyret. Takk skal du ha! > Vet du om det er mulig og/eller aktuelt å samarbeide med eksisterende > prosjekter i andre land? Det er vel ikke første gang det lages > gramatikk-kontroll, så jeg håper jo det er mulig å bygge på > eksisterende kunnskap. Prosjektet er ikkje starta opp enno, så detaljane er ikkje klåre. Det er sjølvsagt mogleg å samarbeide, og eg veit at det i forprosjektfasen har vore diskusjonar mellom sametinget sitt prosjekt og ulike andre prosjekt (primært med firma som evt. kunne vere aktuelle for å utføre implementeringsarbeidet). Men den grunnleggjande teknologien attom dette prosjektet gjev ein del føringar, når ting skal gjerast på ein viss måte blir ein del (men ikkje alle!) andre innfallsvinklar irrelevante. For å ta eit døme: I og med at vi vil bruke ein morfologisk generator, vil ikkje ordformsekstrahering frå store tekstmasser (som heller ikkje finst for samisk) vere aktuelt, så erfaringar frå slike prosjekt (som kom opp i digi.no-debatten) blir dermed irrelevante.(Continue reading)
RSS Feed